Brainstorming og interesselodding: Nettserier som AS?
av Nettserier.no | 26.01.2012, 07:49 |
Merk: Dette blogginnlegget er ikkje eit løfte om noko som skal skje. Det er heller ikkje eit offisielt prospekt for noko som helst. Dette er ei rotete skriftleg utgåve av nokre tankar eg har grubla litt på, som eg ønskjer tilbakemeldingar frå Nettserier-samfunnet på før eg vurderer korvidt eg skal gå vidare med dei eller ikkje.
Det burde ikkje kome som ei bombe at eg brenner for Nettserier, og at eg ønskjer alt det beste for denne nettstaden. Og eitt spørsmål ein er nøydt til å stille då, er korvidt måten Nettserier drivast på i dag eigentleg er den beste måten å drive Nettserier på. Og ein av dei faktorane eg har vurdert om det kan vera fordelaktig å endre på, er dette med organisasjonsform.
Så lenge ein legg enkelte kriterier til grunn (som eg kjem tilbake til straks) ville det vera fullt mogleg å omdanne Nettserier tl eit aksjeselskap. Men eg tviler på at det eigentleg hadde utgjort nokon forskjell dersom eg framleis sat som einaste eigar og einaste styremedlem i tillegg til å vera dagleg leiar. Då hadde eg framleis jobba utelukkande på eigne premissar, akkurat som eg gjer i dag. Det som derimot kunne vera interessant, er om nokre andre hadde gått inn for å eiga Nettserier.no saman med meg.
Kven skulle isåfall den «nokon» vera? Store sosiale nettverk som har stor peiling på å drive nettstadar? Store teikneserieforlag som har fleire føter i teikneseriebransjen allereie og som sannsynlegvis har god peiling på kva som kan gjerast betre? Jodå, sannsynlegvis hadde det vore ein god idé.
Men for å få noko sånt til å gå rundt, må ein operere på eit sparebluss som dei aktørane sannsynlegvis ikkje ville ha godteke. For å få dette til å gå til, er ein nøydt til å ha folk som verkeleg brenner for Nettserier som opererer både framfor og bak kulissane.
Og ein tanke som ofte slår meg når eg tenkjer over dette, er: Dersom det finst nokon som brenner for Nettserier like mykje som eg gjer, er det dykk. Brukarane. Dersom eg skulle drive Nettserier saman med nokon, ville det openbare valet vera å spørja brukarmassen om de kan vera interesserte i å vera med på noko sånt.
Så første spørsmål er:
Dersom Nettserier.no hadde blitt omdanna til eit aksjeselskap: Kunne du tenkja deg å kjøpe aksjer i selskapet?
Spørsmålet går både til dei som kunne tenkja seg å investere eit par hundrelappar og til dei som kunne tenkja seg å skyte inn mange tusen kroner. Eg vil òg vite kor mykje du isåfall kunne tenkja deg å investere, men understreker at dette foreløpig berre handlar om å undersøke interesse og at ingenting du skriver som eit svar på dette er bindande. Eg ser for meg at for å gjera dette tilgjengeleg for så mange som mogleg kunne aksjene ha ein pålydande verdi på 100 eller 200 kroner, og det vil jo vera ei begrensa pott med aksjer, så dersom veldig mange er interesserte kan det bli snakk om eit tak for kor mykje ein skal kunne investere, men eg ser for meg ein samla aksjekapital på cirka 50 000 (eventuelt med eit overkursfond for å ha større startkapital). Eg ønskjer dog å behalde fleirtalet av aksjene sjølv.
Som aksjeeigar i Nettserier.no ville du bli invitert til generalforsamling ein gong i året, der du hadde stemmerett i viktige saker som vedtekter, val av styre og slike ting (og sjølv om eg seier at eg ønskjer å behalde fleirtalet av aksjane sjølv, er det fullt mogleg å bruke ulike aksjeklassar til å leggja opp ting sånn at de òg har reell makt og ikkje berre må sitja og sjå på kva eg driver med, t.d. kan ein føre inn i vedtektene at eitt styremedlem alltid skal veljast av dykk som brukarar eller noko sånt. Eg er uansett interessert i det de har å bidra med, det er difor eg tenkjar på dette), Den dagen Nettserier faktisk går med overskot vil det òg vera moglegheit for å dele ut dette overskotet som utbytte til aksjeeigarane. Dersom vi ser for oss eit tilfelle der vi har 50 000 kroner i aksjekapital og det vedtas å dele ut eit overskot på 10 000 kroner, og du har skutt inn 1000 kroner, betyr det at du får tildelt 200 kroner av dette overskotet. Litt som å ha eit Coop-kort, berre mykje tøffare.
Så: Kva er det som kompliserer dette? Kva er grunnen til at eg ber om at berre folk som brenner for Nettserier melder si interesse for dette? Først og fremst: Inntil Nettserier faktisk har ein konkret plan for inntening (noko eg håper at ei slik omleggjing kunne føre til at vi får), må sidene operere på sparebluss. Det betyr at på iallfall dei to-tre første åra vil det nok vera heilt uaktuelt å utbetale utbytte. Det betyr at sjølv om styremedlemene vil få styrehonorar, vil dette vera langt lågare enn det som er normalt for styrehonorar. Det betyr at vi treng ein dagleg leiar (det er den jobben som eg kunne tenkja meg å beholde sjølv) som er villig til å jobbe for luselønn ei stund, kanskje så lågt som 100 kroner timen (om ikkje mindre), og at det sjølv med så låg lønn ikkje vil vera kapital til å la dagleg leiar ha meir enn ei 20-25 % stilling. Eg er sjølvsagt villig til dette, og det er uansett meir enn eg tener på Nettserier i dag, men til å vera eit aksjeselskap verkar dette sannsynlegvis latterleg lågt, og eg treng difor at både aksjeeigarar og styre klarer å forholde seg til at dette er noko ein gjer først og fremst fordi ein brenner for det.
For å få dette til å fungere MÅ den langsiktige planen vera at Nettserier skal gå rundt økonomisk og at ein til og med skal ha moglegheit til å gå i overskot - og då seier eg ikkje at det overskotet MÅ gå til utbytte, dersom aksjeeigarane ønskjar det kunne det òg vera mogleg å investere dette i meir produktutvikling. Men på kort sikt treng eg å samarbeide med aksjeeigarar og styre som er komfortable med at det blir null utbytte på nokre år, at styrehonoraret er langt lågare enn det som er normalt, og at eg jobbar for langt under halvparten av den lønna ein dagleg leiar burde ha.
Før eg rundar av dette innlegget vil eg seie at dette ikkje er noko eg vurderer å byrja med i morgon. Kanskje er det realistisk å få til noko sånt i løpet av sommaren. Før det vil eg imidlertid forhåpentlegvis ha gjort ein del meir med Nettserier enn i dag. Då har vi forhåpentlegvis endeleg klart Nettserier på svensk og dansk, og kanskje får vi på plass fleire funksjonar òg, mellom anna ser eg for meg å få Førstetiger tilbake på plass i ei eller anna form.
Så: Er det nokon som er interesserte i dette? Skriv gjerne ein kommentar her, eller send meg ein mail på olaf@stob.no. Som sagt, ingenting er bindande, eg vil berre vite om det er nokre av dykk om er interesserte i noko sånt, så eg veit om dette er noko eg bør jobbe vidare med. Neste punkt på to-do-lista mi er å avtale eit møte med ein revisor for å få klargjort eit par ting eg lurer på om korleis det hadde vore best å løyse dette økonomisk, men før eg kjem så langt vil eg ha dykkar tilbakemeldingar. Og det eg først og fremst er på jakt etter, er altså folk som brenner for Nettserier, men som likevel tør å stille krav til korleis sidene skal fungere.
Del på Facebook | Del på Twitter
11 kommentarar
Morten F. Thomsen skreiv:
Hei Olaf, Jeg kan være interesssert i å delta i en emisjon samt å sitte i et styre. Jeg tar kontakt direkte med deg via e-post for en nærmere prat.
mvh Morten F. Thomsen Oxicomics
26.01.2012, 09:35:19
Onkel Gard skreiv:
Nettserier er viktig for oss amatørserietegnere her i landet, og de fleste av brukerene her nyter godt av å ha dette tilbudet. Jeg spytter gjerne inn for å hjelpe videre drift og utvikling av en av serienorges viktigste instanser og tjenester.
26.01.2012, 09:54:26
Frk. Blips skreiv:
Jeg kjøper gjerne aksjer, kanskje for opp til en tusenlapp, om det kan bidra til videre drift, som Gard skriver. Har derimot ikke kapasitet til styrearbeid, og er avskåret fra å kunne møte fysisk på generalforsamlinger, så jeg ser veldig gjerne at viktige avstemninger vil kunne foretas elektronisk.
26.01.2012, 12:03:44
Kleggskjegg skreiv:
Jau, eg diggar Nettserier og viftar gjerne med nokre gryn og/eller grunkar til aksjer!
26.01.2012, 12:52:33
Dan-Raoul skreiv:
Yay! Interessant! Som sagt så stillar eg gjerne opp, og vil meir enn gjerne spytte inn litt i eit evt. aksjeselskap!
26.01.2012, 16:49:27
Klausulen skreiv:
Eg er interessert i dette og kunne gjerne spytta i noko cash i eit eventuelt AS
26.01.2012, 20:54:53
tegneren skreiv:
Jadda. Jeg kan sikker slenge ut noen hundringser for Nettserier!
27.01.2012, 23:35:25