Nettserier.no på Raptus 2011
av Nettserier.no | 08.09.2011, 10:33 |
9.-11. september er det nok ein gong Raptus-festival i Bergen. Nettserier.no er som vanleg representert med stand -- sjå etter den signalgule standen i Teglverket.
Det største Nettserier-relaterte som skjer på Raptus i år er sjølvsagt lanseringa av jubileumsboka vår - Nettserier.no: UNPLUGGED. Boka kan du lese meir om på nettserier.no/unplugged/, og prisen under Raptus vil vera 120 kroner. I tillegg eksperimenterer vi med sosialistprissetjing -- så minstepris for boka er 120 kroner, men du har lov til å betale så mykje du vil. Heile overskotet går uansett til vidare drift av Nettserier. Det kan hende vi finn på noko artig på standen på fredag for å markere offisiell boklansering -- vi får sjå.
Eksperimentering har alltid vore viktig på Nettserier, og i år prøver vi noko nytt på standen: Gratis internettkiosk. Får du eit akutt behov for å lese nettseriar, sjekke mail, blogge, tweete, sjekke facebook eller berre sjå ein video av ein søt kattunge i løpet av helga, kan du altså stikke innom Nettserier-standen og gjera dette heilt gratis. Dersom det blir kø, har eg satt ei grense på maks ti minutt pr person, men sjølvsagt er det lov å kome innom fleire gonger.
Nettserier.no deler stand med Arne Bye, som lanserer Mira-albumet Atten i desse dagar. Så det får du òg kjøpt på standen. Åtti kroner er prislappen der, isåfall. Det betyr at har du ein tohundrelapp, kan du få ei Nettserier-bok og eit Mira-album for han.
For dei av dykk som har meldt dykk på og fått tilbakemelding på e-post om at påmeldinga er registrert, blir det pizzakveld på fredag. Eigenandel for maten, 50 kroner, kan betalast inn på Nettserier-standen (eller på veg til Peppes). Vi blir cirka 22 stykker, og vi møtast utanfor Det akademiske kvarter omtrent klokka 20:00 på fredag og går vidare til Peppes derfrå.
Vi har ikkje fått ein programpost i år, men det er mykje interessant på programmet som det kan vera verdt å få med seg. Raptus-programmet er alltid lagt ut med forbehold om endringar, men her er nokre av dei programpostane som er mest interessante for dei som interesserer seg for Nettserier eller digitale teikneseriar generelt:
- Fredag, 18:00 i Tivoli: Ethan og Malachai Nicolle
- Fredag, 19:00 i Teglverket: Lucy Knisley
- Laurdag, 12:00 i Teglverket: D-Pad Studio
- Laurdag, 13:00 i Teglverket: Bobla
- Laurdag, 14:00 i Storelogen: Bård Lilleøien
- Laurdag, 15:00 i Storelogen: Lucy Knisley saman med Thierry Capezzone (barneprogram)
- Laurdag, 16:00 i Teglverket: Flu Hartberg og Geir Moen (Rakkestad)
- Laurdag, 17:00 i Teglverket: Kim Holm, Eirik Andreas Vik, Are Edvardsen og Eirik Hitland Johannessen
- Laurdag, 18:00 i Tivoli: Bård Lilleøien m.fl. teiknar dragar
- Sundag, 13:00 i Tivoli: Ethan Nicolle og Lucy Knisley
- Sundag, 13:00 i Teglverket: Arne Bye
- Sundag, 14:00 i Teglverket: Anakata Comics
- Sundag, 15:00 i Teglverket: Ethan Nicolle
- Sundag, 16:00 i Tivoli: Lucy Knisley
Dette er Raptus' klart beste satsing på digitale teikneseriar nokonsinne, og det applauderer vi på det sterkaste.
Det lanserast òg ei rekke utgivingar der folk frå Nettserier er med i helga: I tillegg til Nettserier.no: UNPLUGGED kjem desse seriane ut i helga:
- nytt album med Sagaen om Dadaph Serraph (Bård Lilleøien)
- eksklusiv samleutgåve av Pickman's Model (Kim Holm)
- Walk of Life: Adventstrilogien (Trond Stavås)
- Natthsfjeld: Da mørket kom (Jonas Larsen / Aleksander Dokkeberg)
- Helt pulp (Jonas Larsen / Torgeir Trapnes)
- Mannen som unnslapp renneløkka (Jonas Larsen / Torgeir Trapnes)
- Nye streker #2
- ei rekke fanzines
- Bobla #3, der ei rekke Nettserier-folk er med, og det òg er eit intervju om Nettserier med sjefen sjølv
- 22/7, der ei rekke Nettserier-folk er med
Eg trur at dette kan bli ein interessant festival. Stikk gjerne innom og sei hei!
Del på Facebook | Del på Twitter
5 kommentarar
torhildo skreiv:
Jeg og Bjørnar vil også selge Tildebok og BØ - skumle saker bok. Vi vil og være med på pizza på fredag om det er mulig?
08.09.2011, 12:07:19
Nettserier.no skreiv:
Torhild: Har eigentleg bestilt bord for to veker sidan, men det er nokon som har trekt seg, og forhåpentlegvis burde det ikkje vera eit problem om eg ringer Peppes og ber om å utvide med ein person. Men vi kan snakke om det på fredag?
08.09.2011, 13:49:45
Dadaph skreiv:
Jeg og min kjære er på plass i Bergen nå. Ble akkurat minifantastiskmannpizza på Dollys der vi også dro med Adamant. Blir nok en fantastisk Raptus dette.
08.09.2011, 22:12:05
Nettserier.no skreiv:
Hmm... Finn deg ikkje i lista over påmeldte, Gard. Så om du har meldt deg på, må det ha skjedd ein feil. Eg skriver deg opp på lista mi, stikk innom standen så får vi ordna detaljane.
09.09.2011, 12:59:34