Nettserier-pizzakveld 9. september 2011: Påmelding
av Nettserier.no | 11.07.2011, 12:47 |
I år kjem vi til å bestille bord til den faste Nettserier-pizzakvelden under Raptusfestivalen. Det positive med det er at vi kan vera sikre på at vi får sitja innandørs og spise i motsetning til eit par tidlegare år. Det negative er at vi er nøydt til å vite kor mange som er interesserte i å delta i god tid før vi dukkar opp for å spise. Difor ber eg no vennlig om at dei som er interesserte i å vera med på å spise pizza, fyllar ut dette skjemaet.
Praktiske opplysningar:
Planen er å spise på Peppes Pizza i Bergen sentrum (same restaurant som vi har spist på eit par gonger tidlegare). Dette gjer vi fredag kveld, altså 9. september, etter at festivalen stenger dørene. Ein del av oss kjem til å møtast utanfor Det akademiske kvarter for å spasere til Peppes i samla flokk, men dersom nokon ønskjer å kome seg dit på eiga hand er det sjølvsagt òg lov. Dersom restauranten allereie skulle vera fullbooka før vi rekker å bestille, vil vi prøve å kome inn på andre Peppes-restaurantar i Bergen, og skulle ALT vera fullt vil vi prøve å finne eit anna lokale i hui og hast, og bestille pizzaen dit. Uansett skal vi spise under tak i år.
Du vil få tilsendt alt av praktiske opplysningar på e-post, så det er viktig at e-postadressa du oppgir fungerer. Dersom du har mobiltelefon ber vi om at du oppgir det nummeret òg, sånn i tilfelle det blir nødvendig å kontakte folk med siste minutts informasjon i løpet av fredagen. Hugs at dersom du har lyst til å ta med deg nokon, må dei òg meldast på.
Vi beregner cirka ein stor pizza per tre personar. Oppgi i skjemaet under kva pizzasmakar du har mest lyst på (sjekk menyen på peppes.no). Dersom du har veldig mykje særare smak enn alle andre kan vi ikkje garantere at du får nøyaktig den pizzaen du vil ha, så det er fint om du oppgir dine tre favorittpizzaar i rangert rekkefølgje. Unntaket er sjølvsagt dersom du ber om ein pizza som er vegetarisk eller glutenfri: Det sørger vi for at du får uansett. Bortsett frå det ønskjer vi å gjera det så enkelt som mogleg å bestille, så vi ber om at folk held seg til menyen og ikkje ber om t.d. «Pizza X uten ananas» - er det viktig for deg å ikkje få ananas, finn ein pizza på menyen som ikkje har ananas i utgangspunktet. Og om det ikkje var openbart: «Very special» er uaktuell.
Vi beregner ein eigenandel på 50 kroner per person. For desse pengane kjem Nettserier til å kjøpe inn pizza og eit lite utval pizzasausar (og ja, vi kjem til å bruke litt meir pengar på dette enn 50 kroner pr person, men det treng ikkje du å tenkja på, for Nettserier spanderer resten). Drikke er ikkje inkludert, alle kjøper eigen drikke sjølv - vi veit av erfaring at det kjem til å delta ein del mindreårige på denne pizzakvelden, så vi ber om at denne haldast alkoholfri. Eigenandelen kan betalast inn på Nettserier-standen i løpet av fredag, eller - dersom du ikkje har anledning til å kome innom på fredag - før vi spiser.
Påmeldingsfrist er 19. august. Beklager at dette er såpass tidleg, men Peppes ønskjer å ha bestillingar for så store selskap inne i god tid. Dersom eg ser at dette blir frykteleg dårleg tid for dei fleste, kjem eg til å prøve å bestille eit par ekstra plassar.
Har du nokre spørsmål som ikkje blir godt nok besvarte av teksten over, send ein e-post til olaf@stob.no, så lover eg å besvare dei så fort eg kan. Du kan òg skrive ein kommentar i kommentarfeltet under.
NB: Dersom du skriver noko feil her eller ønskjer å trekke deg, send ein e-post til olaf@stob.no for å få endra på dette. Dersom du melder deg på og ikkje mailer og ber om å trekke deg før 19. august, er dette ei bindande påmelding.
Del på Facebook | Del på Twitter
11 kommentarar
Lysgaard skreiv:
Haha, alle pizzakvelder burde ha Google Spreadsheets. Du passer alt for bra på oss, Olaf!
11.07.2011, 15:21:45
Catya skreiv:
Påmelding? Vi pleier da bare å samle oss i en flokk utenfor døra når Raptus er ferdig.
11.07.2011, 23:46:56
Adamant skreiv:
Hm, bare for å avklare, men Clausthaler og denslags er vel tillatt? Liker øl til pizza.
12.07.2011, 02:36:27
Nettserier.no skreiv:
Catya: Vi har pleid å berre samle oss i ein flokk utanfor døra når Raptus er ferdig. Vi har òg pleid å vera nøydt til å anten sitja ute eller spasere rundt i heile Bergen for å finne ein alternativ stad å sitja eller begge delar fordi det har vore fullt overalt. For å unngå den problematikken må vi bestille bord, og då treng eg å vite på førehand kven som er interesserte i å vera med og ikkje.
12.07.2011, 07:32:01