Statistikk og designinnstillingar
av Nettserier.no | 28.01.2012, 23:10 |
Har gjort eit par små endringar på Nettserier dei siste dagane. Noko av det har de kanskje allereie lagt merke til, men om de ikkje har det, her er eit kort samandrag:
- No kan de finne besøks- og sidevisningsstatistikk for seriane dykkar på Mi side igjen. Mi side -> Administrer serie -> Statistikk. Informasjon om sidevisningar for perioden 16. juni til 21. januar er diverre ikkje lagra på grunn av ein teknisk feil, men bortsett frå det er det registrert statistikk for alle seriar tilbake til 1. mai 2011. Andre typer statistikk kan bli lagt til seinare, men er ikkje tilgjengeleg for augeblikket.
- No kan de endre designet på seriane dykkar på Mi side igjen. Mi side -> Administrer serie -> Design. Her kan de endre alle fargane som visast på sidene dykkar (nesten) for å skape eit meir personleg preg over serien dykkar i staden for å berre ha standarddesignet til Nettserier. Bonus: Dersom du hadde endra på fargane for serien din FØR omlegginga av Nettserier, er dei gamle fargane tilbake no (men det kan sjølvsagt hende at menyen og footeren, som ikkje eksisterte på gamle Nettserier, kanskje klæsjar litt med resten i fargane ...) Eg er sikker på at mange av dykk som eit resultat av det lurer på kvifor de ikkje kan leggja til eiget headerbilete eller bakgrunnsbilete, og då må eg berre svare at den moglegheita kjem til å kome tilbake, men at eg foreløpig ikkje har ein tidsplan for nøyaktig når.
Kjem forhåpentlegvis til å få på plass fleire funksjonar på Nettserier i ikkje alt for fjern framtid, det er kanskje mykje de framleis saknar , og sjølvsagt er planen at alt eller så godt som alt skal på plass igjen.
Del på Facebook | Del på Twitter
6 kommentarar
tegneren skreiv:
Yay! :D Har savna statistikken. Jeg bare lurer på noe. Vil statistikken for 1. Mai 2011 forsvinne når vi går i en ny måned?
29.01.2012, 11:51:09
Nettserier.no skreiv:
Nei, eg fjerna den delen av statistikkfunksjonen då vi gjekk over til nye Nettserier, så med mindre eg mot formodning oppdager at det tar ekstreme mengdar kapasitet å ta vare på all den statistikken (noko eg ikkje eigentleg føler at er veldig realistisk), kjem den til å bli liggjande.
29.01.2012, 11:59:31
Redmist skreiv:
Kult! Har savnet fargene, selv om det er ryddig med hvitt og grått er det veldig upersonlig.
29.01.2012, 15:23:58
Trond J Stavås skreiv:
Har savnet design og statistikk, flott å ha dem tilbake! Gleder meg til header og bakgrunn kommer tilbake også. Ellers savner jeg også Førstetiger, syntes det var greit med Twitter-feed og reklamefri hjemmeside.
29.01.2012, 18:57:43
Frk. Blips skreiv:
Haha, digger at du har skrevet forklaring på statistikken, som jeg tidligere ikke har forstått helt og derfor brydd meg lite om.
30.01.2012, 00:59:54